Crocodile Rock

Crocodile Rock
Singel av Elton John
frå albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player
B-side

«Elderberry Wine»

Utgjeve 27. oktober 1972 (UK)
20. november 1972 (US)
Sjanger Rock
Lengd 3:23
Selskap MCA (US)
DJM (UK)
Tekstforfattar Bernie Taupin
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Elton John-kronologi 
«Honky Cat»
(1972)
Crocodile Rock «Daniel»
(1973)


«Crocodile Rock» er ein song skriven av Elton John og Bernie Taupin, og spelt inn i juni 1972 i Strawberry Studios i Château d'Hérouville i Frankrike. Han vart gjeven ut som singel den 27. oktober 1972 i Storbritannia og 20. november 1972 i USA før albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player kom ut i 1973. Det var den første singelen hans som gjekk til topps i USA, noko han klarte den 3. februar 1973. Singelen vart liggande på topps i tre veker og selde til gull seinare på året. I 1995 hadde singelen seld til platina.[1]

Singelen nådde òg toppen i Canada og låg øvst på lista i fire veker.[2]

«Crocodile Rock» er dominert av eit Farfisa orgel, spelt av John med ein karinvalliknande lyd og honky-tonk-rytme. Teksten tar eit nostalgisk tilbakeblikk på tidleg rock 'n' roll, og eit forhold til ei kvinne som heiter Suzie. Songen har likskap til fleire songar frå slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra, mellom andre Del Shannon sin «Cry Myself to Sleep» frå 1962 og «Little Darlin'», som vart spelt inn i 1957 av The Diamonds. Refrenget minnar om «Speedy Gonzales» av Pat Boone.

  1. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 46. ISBN 0-87586-207-1. 
  2. http://en.wikipedia.orgview_html.php?sq=Facebook&lang=nn&q=List_of_RPM_number-one_singles_of_1973

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy